I tolv prosastykker i kryssingsfeltet mellom novella, essayet og skissa, gjev Hagen eit bilete på korleis folk brenn inne med fine, såre og vare kjensler.
Boka inneheld bilde og dikt og søker etter overgangane mellom bilde og tekst i det grenselandet der språket sluttar og naturen tar over, med andre ord: Landskapets tekst.
Klumpen er sjuk, og alle blir redde. Til og med far held seg heime nokre dagar. Mor trøstar Klumpen og steller for Veslebror, men Veslebror ventar og ventar, mest på jula, men også på at Klumpen skal bli frisk.
Utmark: Teksten formidlar eit fall innover i sorg og einsemd, framandkjensle og isolasjon slik ein kjenner det når dei faste haldepunkta forsvinn. Stemmer, steg: Ein mann er på besøk i barndomsheimen. Om natta høyrer han stemmer og steg i grusen utanfor huset. Mannen blir redd, men går ut, og der møter han den døde far sin. Faren treng hjelp, han er bortkommen. Forfattaren viser korleis hovudpersonen gjennom drømmen og møtet med døden får livet endra. Vinterbarn: Forteljaren i boka søker tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. I ein samanheng av erkjenning, erindring og refleksjon prøver forteljaren å fange det som ikkje lar seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da.
Forteljaren i boka søker tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. I ein samanheng av erkjenning, erindring og refleksjon prøver forteljaren å fange det som ikkje lar seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. Med denne boka avsluttar forfattaren ein romantrilogi som startar med Utmark og held fram med Stemmer, steg.